Klar, ferdig og gå

Sommaren er på hell og vi skreddarsyr siste detaljar i programmet

Mykje er klart, men noko står fortsatt igjen, her har du ein liiiiiiiten statusrapport.

Onsdag 24. startar vi med Horecadagar for dei profesjonelle . «Get Together-middag», foredrag og workshops for bransjefolk frå heile Noreg.

Torsdag 25. oktober vert det lukka messe i Storfjord Kulturhus, der vi jobbar vidare med vårt fokus på øl, øl til mat og øl i mat, akevitt og anna norsk drikke. Espen Smith er konferansier og leiar oss gjennom dagar med rikhaldig program og god mat og drikke av spanande norske produkt.

Fredag 26. oktober inviterer vi heimebryggarar frå heile Noreg til tevling om å lage årets beste Porter og Stout. Vinnarølet blir sidan brygga i samarbeid med Kinn bryggeri. Tevlinga vert halden i kulturhuset, og er open for publikum.

Seinare på kvelden flyttar vi arrangementet til Stranda Hotel, med messeområde i Lokalet Bar og stort øltelt i hotellhagen frå kl. 20.00 til 01.00.

Laurdag 27. oktober held festivalen fram med ei rekke aktivitetar, og det heile blir avslutta med bankettmiddag i Restaurant Anna. I tillegg til ein flott meny blir det utdeling av diplom for beste porter, stout og barley wine.

Skal du ikkje på bankettmiddag, har vi eit hemmeleg arrangement, som vi slepp like over helga.

Hovudfokuset vårt er mørke øl, kombinasjonen øl til mat, og øl i mat, men vi set og fokus på andre, lettare øltypar. Det er likevel berre porter, stout og barley wine som får ta del i tevlingane. Dette gjeld både heimebryggarar og profesjonelle bryggeri. I fjor hadde vi mange typar lyst øl og juleøl i tillegg til alkoholfritt øl. Dette viser eit stort mangfald og vi oppfordrar våre bryggeri til å ta med ulike sortar i år også. 

Velkomen til Stranda- ein liten stad i verdsklasse!

Billettar ligg no ute på Tikkio

Hallo sommar 2018

Stranda Porter & Stout Festival 2018 er fredag 26. og laurdag 27. oktober, men vi jobbar heile året med å førebu oss til ein bra festival 🙂

Vi gledar oss til ein kjekk sommar med å besøke mange bryggeri på ulike festivalar. Har du tips til kor vi absolutt BURDE ta oss ein tur, send oss ein vink, så kjem vi på besøk!

line@strandafjellet.no