Historisk foredrag i Gamleskulen på Øvre Ljøen

Foredragshaldar Knut Albert Solem inviterar oss inn i gamleskulen på Øvre Ljøen Gaard om den gamle tradisjonen om å brygge porterøl i Noreg.

Knut Albert Solem har blogget om øl i femten år, og har utgitt en rekke ølbøker som Norsk øl- og bryggeriguide og Ølquiz ( i samarbeid med Sammy Myklebust) I år er han aktuell med boken Norsk øl, som er en geografisk gjennomgang av alle norske bryggerier. Han har også stått for det meste av innholdet i VGs ølguide i flere år.

Saka forset under biletet

18:30 Minibuss frå Stranda  med Ingers Trans
19:00 Foredrag med ølsmaking
20:00 Vandring ned til fjorden til Ljøen kai
20:30 Minibuss tilbake med Ingers Trans

Arrangementet heiter «Spesial: Ein gløymd tradisjon – foredrag og ølsmaking på Gamleskulen på Øvre Ljøen». Det blir avholdt fredag 26. oktober kl. 19:00, med avreise frå Stranda kl. 18.30. OBS! Få plassar tilgjengeleg!

Bestill din billett her

 

Ein kveld med damer i fokus

Ølsmaking, foredrag og smakebitar KUN for damer på KOS Kaffibar.

Vi inviterar inn til eit kveldsarrangement  proppa med lokale godsaker. Nøkkelpersonar blir Julia Bone, som er nyinnflytta Jårångar med stor internasjonal ølkunnskap. Synnøve Bjørstad frå Tonga Gardsbryggeri, Liv Bogen frå Hogna Brygg og Silje Lee Knutsen frå Storfjord Iskrem serverer og snakkar om sine produkt.

 

Lill Cathrin Gamlem, eigar av LIGA Klær & KOS Kaffibar, stiller med «mini» moteshow med haustens motar på LIGA. Butikken blir så «open» eksklusivt for deltakarane.

Arrangementet heiter «Spesial: fredag 26/10 Damer, Is & Øl – Kos Kaffibar» og du må sikre deg billettar her. I fjor vart dette arrangementet utsolgt på null komma svisj. Kom og bli med!

Vi sjåast på LIGA & KOS Kaffibar

Porterpedagogen kjem til Skinkerådhuset

Porterpedagogen Otto Lundell er Lord Vice President for Porter Drinker’s Association, øldommar, ølforfattar, grunder av Gøteborg Porterfestival og veit alt som vitast kan om porter!

Han guidar oss igjennom historien frå svart/kvite fotografier til dagens frekke reklamefilmer for den svarte drikken.

Historisk kåseri og ølsmaking med Porterpedagog Otto Lundell i Skinkerådhuset. Gå ikkje glipp av denne unike sjansen til å lære meir om og prøve Guiness med smakar du ikkje er vand med.

Otto snakkar om Carneige Porter som vart lansert i 1836 og er Sveriges eldste varemerke. Vi smakar på ulike typar porter og stout.

Arrangementet er kalla «Porterpedagogen Otto Lundell i Skinkerådhuset, ølsmaking og foredrag» og går føre seg laurdag 27. oktober kl. 18:00.

Dette blir ei unik oppleving med få plassar,  skund  deg å bestille billettar her.

Vi sjåast i Skinkerådhuset

Stranda + Sjokolade = Sant

Gjestgiveriet Villa Lovise si vertinne, Randi, inviterar oss inn i stova til ei ølsmaking av dei sjeldne. Geiranger Sjokolade; Fjordnær, sett opp nydeleg, god sjokolade og vi får storfint besøk frå det store utland som matcher sjokoladen med øl som passar til.

Nøkkelpersonar ved sidan av Randi blir Bengt Dahlberg, som er innehavar av  Geiranger Sjokolade; Fjordnær.  Julia Bone, som er nytilflytta Jårångar med stor internasjonal ølkompetanse og som vi også treff under fredagens arrangement på Kos Kaffibar «Damer & Øl». I tillegg får vi besøk av Alexandra White opprinneleg frå Australia,  som er spesialimportert for anleiinga, med lang fartstid innan bryggeribransjen. Her vil vi få høyre om og smake på øl frå internasjonale bryggeri som desse damene har erfaringar frå, bland anna Brooklyn Brewery.

Saka fortsett etter biletet.

Alexandra White is a former chef and Bar manager from Melbourne Australia, Alex is now working in sales in the craft and premium sectors of London’s hospitality scene.

As a part of House of Beers, for Carlsberg UK, she works with brands such as Brooklyn Brewery & London fields brewery and is currently studying towards her general certificate in brewing to one day have a brewery of her own.

Saka fortset under videoen

Arrangementet er kalla «Sjokolade- og ølsmaking i Villa Lovise og Geiranger Sjokolade» og går føre seg laurdag 27. oktober kl. 18:00.

Dei som er glade i sjokolade, må skynde seg å bestille billettar her.

Vi sjåast i Villa Lovise

 

Konkurranse 2018- snart trekning

Vi gir ut festivalpass til to vinnarar

Trekninga er førstkommande mandag 8. oktober. Skund deg å registrere deg og dine vennar.

Festivalpasset kan brukast både fredag og laurdag og gir inngang til bryggartevlinga i Storfjord Kulturhus og ølfestivalen på Stranda Hotel.

Fredag 26. oktober
17:00 – 21:00
Storfjord Kulturhus – heimebryggjarkonkurranse
20:00 – 01:00
Stranda Hotel – ølfestival

Laurdag 27. oktober
13:00 – 20:00
Stranda Hotel – ølfestival
22:00 – 01:00
Stranda Hotel – avslutningsfest i teltet med live musikk med Irish Sidekicks

Aldersgrense 20 år

Spanande samarbeid med fjordabåten MS Bruvik

Under Stranda Porter & Stout Festival får den kvite bygdebyen ved Storfjorden besøk av fjordabåten MS Bruvik frå Cruise-Service AS.  No håpar vi at alle nyttar sjansen til å vere med ut på Storfjorden, innfallsporten til ein av verdas mest kjende fjordar; Geirangerfjorden.

Laurdag 27. oktober 14:00 er det familiecruise på Storfjorden, her kan de gå ombord frå kaia i Stranda sentrum. Ei sjeldan anleiing til å komme seg ut på fjorden og ta inn utsikta frå denne vinkelen, ta med heile familien.
Det er open kiosk på skipet.

Her er film frå ein tur frå Langevåg. Saka fortsett under videoen:

Fredag er det mogleg å vere med på eit middagscruise på Storfjorden saman med Egge Gård. Det blir ein Bryggeri- og Brennerimiddag i verdsklasse!

Onsdag 24. oktober kjem båten innover Storfjorden med gjestar frå Ålesund og omegn samt torsdag 25. oktober har festivalen tinga den til eit spesialevent på kvelden. Vi gledar oss til å ha denne gjesten til kais i Stranda sentrum.

Velkomen ombord

Programmet snart ferdig

Då er dei fleste spesial eventa lagt ut på vårt program

13 bryggeri har sagt at dei kjem og enda fleire sitt på gjerdet.

Øl & kaker, Øl & Sjokolade, Ølcruise med skyssbåten MS Bruvik er noko du kan byrje å sjå på. Meir kjem snart.

Våre foredragshaldarar er ein fin gjeng; Knut Albert Solem, Sammy Myklebust, Porterpedagogen Otto Lundell, Espen Smith og Randy Jensen… fleire namn kjem snart.

Vi sender ut invitasjonar og informasjon om festivalen like over helga, ønsker du også å motta denne? Send oss ein epost

Vi gleder oss!