Skifjorden Bryggeri

Hei, kor vi gler oss!! Våre venner frå  Skifjorden Bryggeri i Sogn og Fjordane kjem til Stranda Porter & Stout Festival på Stranda Hotel og Storfjord Kulturhus frå 26. til 29. oktober.
Dei har med seg heile 7 sortar, derav 4 flunkande nye smakar.
Skifjorden nyttar slagordet: «Vilt, vakkert og heilhjerta»

1: Sytalaus Pilsner 4,7%
Beskriving: Sytalaus betyr å være heilt bekymringslaus, og er Skifjorden Bryggeri sitt bidrag til solrike sommardagar. Pilsneren er humla godt med blant anna Citra, og vi har jobba mykje for å finne ein god balanse i smakane. Sytalaus er ein typisk sommar-øl, og passar særs godt til sjø-mat, lyst kjøt og lette rettar. Den passer og godt heilt åleine.
Serverast mellom 4-6 °C.

2: Slaur Saison 4,7%
Beskriving: Slaur er ein udugeleg lathans – ein som lurar seg unda alt arbeid. Denne Saisonen er krydra med appelsinskal, koriander og pepper. Med ein ganske lett maltbase og belgisk gjær vert dette eit fruktig og friskt øl. Slaur passar særs godt til mat med litt smak i. Indisk, sterk sjømat eller lyst kjøt som er smaksett med ein del krydder. Ein øl som klarar å balansere mykje smak. Slauren går og fint an å nyte utan mat.
Serverast mellom 4-6 °C

.

3: Tyl Porter 4,7%
Beskriving: Å være ein Tyl treng ikkje berre være positivt – for det betyr eigentleg å fere med tull, men for oss er det viktig å drive med litt tylefakter. Ellers vert det for kjedeleg.
Tylen er ein porter, og dermed eit mørkt øl med ein god del smak og lite skum. Dette ølet kan du nyte til ein dessert, konfekt eller ei sjokoladekake.
Serverast mellom 8-10 °C.

4: Ebbeporter (Porter gjæra med kveik) NY

5: Ebbestout (Stout gjæra med kveik) NY

6: Tylebror NY

7: Fanden NY

Bestill dine festivalbilletter på Tikkio: https://tikkio.com/ticke…/2890-stranda-porter-stout-festival

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *